Juventus mot Inter i cupfinalen

Les hele artikkelen

Tittelforsvarar Juventus tok seg til den italienske cupfinalen med 2-0-seier over Fiorentina i returkampen på heimebane, og 3–0 samanlagt.
Juventus er ute etter revansj etter å ha mista serietittelen til Inter i fjor og tapt for Milan-klubben også i den italienske supercupen i januar. Klubben vil også unngå sin første tittellause sesong sidan 2011.
Torino-klubben gjekk på bana onsdag med 1–0 frå den første kampen i Firenze. Onsdag scora Federico Bernardeschi scora på volley etter ein halvtime. Danilo auka sigersmarginen på overtid.
I finalen 11. mai er Juventus ute etter sin 15. Coppa Italia-tittel, medan Inter jagar sin åttande cuptriumf og den første sidan 2011.