Den norske handballspelaren Julie Bøe Jacobsen har signert for den danske klubben Esbjerg. Dermed blir ho den sjuande norske spelaren i troppen.
Det stadfestar Esbjerg på sine eigne nettsider torsdag.
– Byåsen har vore veldig viktig for utviklinga mi, og klubben har gitt meg stort ansvar og ei viktig rolle i laget. Men no treng eg nye utfordringar og Team Esbjerg er ein veldig profesjonell og ambisiøs klubb med eit sterkt lag og trenarapparat, seier Jacobsen.
Ho blir den sjuande norske spelaren i troppen til danskane. Tidlegare i sommar signerte Esbjerg Nora Mørk.
Førre veke vart det klart at Sanna Solberg-Isaksen ventar barn på nyåret og vil vere ute av spel for Esbjerg i den kommande tida.