John Obi Mikel legg opp

Les hele artikkelen

Den nigerianske stjernespelaren John Obi Mikel (35) annonserte tysdag at han legg opp, skriv Irish Examiner.
Mikel spela 11 år i Premier League med Chelsea. Men i Norge er han nok mest kjend for såpeoperaen medan han var under kontrakt med Lyn, dit han kom som 17-åring i 2004.
Der spela han seks kampar og scora eitt mål. Samstundes hevda Manchester United at dei hadde kjøpt stortalentet, og at kontrakten var signert.
I mai 2005 blei han sporlaust borte, dagen før Uniteds manager Alex Ferguson skulle kome til Oslo. Lyn meinte Obi var kidnappa.
Seinare blei Obi funnen saman med sin agent John Shittu. Mikel sa at han var lurt til å skrive under for United. Så blei han knytta til Chelsea i staden.
Både Lyn og United klaga til FIFA på Shittus og Chelseas oppførsel. FIFA bestemte at Mikel skulle spele for Lyn til saka var løyst.
Etter mykje om og men blei alle partane i juni 2006 omsider samde om at han skulle spele for Chelsea.
Der vann han to seriegull, tre cupfinaler og meisterligaen i 2012.
Seinare var han innom Tianjin (Kina), Middlesbrough (England), Trabzonspor (Tyrkia), Stoke (England) og Kuwait SC.