Johannessen på fjerde på tøff etappe

Les hele artikkelen

Tobias Halland Johannessen trakka inn til ein sterk 4.-plass i sykkelrittet Mont Ventoux Challenge i Frankrike tysdag. Ruben Guerreiro vann.
Den portugisiske EF Education-ryttaren sykla åleine dei siste 12 kilometerane i det tøffe rittet der bratte Mont Ventoux skulle klatrast to gonger, siste gong med målgang på toppen.
Feltet sprakk opp fullstendig, og ryttarane kom i mål enkeltvis. Colombianaren Esteban Chaves var slått til 2.-plass av lagkameraten Guerreiro med 53 sekund, medan australske Michael Storer på 3.-plass var 1.28 minutt bak vinnaren. Johannessen var slått med akkurat to minutt.
Carl Fredrik Hagen frå Israel-Premier-laget var nest beste nordmann på 24.-plass, 7.40 minutt etter vinnaren. Nest beste Uno-X-ryttar var Ådne Holter, som blei nummer 29.