Jerv-troppen koronasmitta

Les hele artikkelen

Fleire Jerv-spelarar har vorte smitta av koronaviruset, opplyser dagleg leiar i klubben Jon Ole Reinhardsen til VG. Molde-kampen søndag kan vere i fare.
– Vi har gitt beskjed til Molde om at vi har hatt smittetilfelle, så dei er klar over det. Akkurat no, så hadde kampen gått, seier Reinhardsen til VG.
Til avisa seier han vidare at Jerv akkurat no ikkje har 15 tilgjengelege spelarar til kampen mot Molde i helga.
Reinhardsen ønskjer ikkje å svare på kor mange spelarar som har testa positivt.
Jerv ligg på 15.-plass med sju poeng i Eliteserien.