Kjetil Jansrud la skiene på hylla etter verdscuputforen på Kvitfjell i mars. Alpinprofilen håpar han kan halde fram å jobbe med idretten i framtida.
– Det er ingenting som er landa enno, men eg håpar at eg kan vere litt involvert inn mot idretten, der eg kan gjere noko tilsvarande ekspert på TV. Og så er det litt andre ting der folk ønskjer å bruke meg som profil, seier Jansrud til NTB.
Jansrud avslutta karrieren på heimebane på Kvitfjell med 23 verdenscupsigrar, fem OL-medaljar og tre VM-medaljar etter 18 år som toppalpinist.
– Eg har sagt at eg etter sommarferien skal ha funne meg ein jobb, seier den tidlegare toppalpinisten.