Italiensk sykkelprofil på norsk lag

Les hele artikkelen

29 år gamle Maria Giulia Confalonieri blir Uno-X-ryttar frå neste sykkelsesong.
Det hardtsatsande norske laget opplyser om signeringa i sine kanalar måndag.
Confalonieri kjem frå det tyskbaserte laget Ceratizit – WNT Pro Cycling. Ho har vist musklar i fleire storritt denne sesongen.
I kvinnenes utgåve av den belgiske klassikaren Gent-Wevelgem blei ho nummer tre. Pallplasseringar har det også blitt i fleire andre ritt. I kvinnenes Tour de France var ho med i kampen om den grøne poengtrøya.
Uno-X skriv at 29-åringen har bokført meir enn 20 topp ti-plasseringar i inneverande sesong.