Italia sette rekord

Les hele artikkelen

Med 0-0 mot Sveits søndag spela Italia sin 36. kamp på rad utan tap. Det er rekord, ein betre enn Spania og Brasil som på sitt beste greidde 35 kampar.
Det kunne blitt siger også, men den sveitsiske keeperen redda straffen til Jorginho tidleg i andre omgang.
Italia leier gruppa med fire poeng på Sveits, men har spela to kampar meir.
Italia har ikkje tapt sidan 10. september 2018, det vil seie nokså nær tre år sidan. Då tapte dei 0-1 mot Portugal i nasjonsligaen.
På vegen mot rekorden tok dei også EM-gull i sommar.