Isak-forfall til landslaget

Les hele artikkelen

Alexander Isak melder forfall til Sveriges nasjonsligakampar i fotball i dagane som kjem. Svenskane møter Serbia borte laurdag og Slovenia heime neste veke.
– Det kjennast leit å forlate laget. Eg hadde lengta etter å spele i den blågule trøya igjen, seier Newcastle-angriparen i ei pressemelding.
Sverige er frå før hardt råka av skadeforfall. Serbia er det einaste laget i puljen som kan ta frå Noreg førsteplassen.
Noreg får besøk av serbarane tysdag neste veke etter ein kamp mot Slovenia borte laurdag.