Iransk VM-spelar forsvunnen

Ein iransk VM-spelar i handball er forsvunnen frå laghotellet. Tidlegare i meisterskapen blei fire jenter frå Kamerun meldt sakna.
Iranske Shaghayegh Bapiri blei ettersøkt tysdag. – Vi har informert politiet. Det er ikkje så mykje anna vi kan gjere, seier VM-direktør Jame Fourt til dansk TV 2.
Bapiri var sitt lags mest rutinerte spelar. Ho var med på eit lag som fekk rolla som VM-yndling etter kampen mot Noreg. Der blei keeperen kåra til best på bana i 9-41-tapet. Det førte til vill jubel i den iranske troppen.
Tidlegare i VM forsvann fire kamerunske spelarar. Dei er framleis ikkje gjort greie for, men deira personlege eigedeler var borte frå hotellet dei budde på. Det gjer at lagleiinga meiner spelarane har forlate området av fri vilje.