IOC-front mot FIFAs VM-planer

Les hele artikkelen

IOC-kongressen bad i natt FIFA-president Gianni Infantino om å legge bort planene om fotball-VM annakvart år, slik FIFA planlegg frå 2028.
Men det vil kollidere med sommar-OL, som saman med fotball-VM er det største idrettsarrangementet i verda.
Infantino er også IOC-medlem, men han melde for eit par dagar sidan avbod til kongressen i Beijing.
Også fleire internasjonale særforbund har kritisert FIFA-planene, som dei meiner vil trekkje til seg meir sponsor- og TV-pengar, noko dei fryktar vil gå ut over annan idrett.
Infantino seier eit VM annakvart år vil gi fotballen 4,4 milliardar dollar i auka inntekter, og at dette først og fremst vil kome dei minst utvikla fotballnasjonane til gode.
– Vi skulle gjerne diskutert dette med Infantino, men det let seg ikkje gjere no, fordi han ikkje kom hit til Beijing, sa IOC-president Thomas Bach.