Innbyttar Saltnes redda Glimt

Les hele artikkelen

Bodø/Glimt og Viking har for vane å score mange mål mot kvarandre, men laurdag kveld var det oppsiktsvekkande målfattig mellom laga som «alltid» lagar målfest.
I dei fire kampane Glimt og Viking hadde spelt mot kvarandre før laurdagens oppgjer, var målsnittet på sju mål per kamp.
Denne gangen såg det lenge ut til å bli 0-0.
Men i det 82. minutt steig innbyttar Ulrik Saltnes til værs på eit frispark og fekk stanga inn ei etterlengta leiing.
Bodø/Glimt risikerte å gå mållause av banen for første gang på 15 seriekampar, men kan takke 31-åringen Saltnes for at det ikkje skjedde.
Glimt vann 1-0, har seks poeng på to kampar og leier tabellen før resten av den andre serierunden er ferdigspelt.