Skipioneren Ingrid Wigernæs er død. Det stadfestar dottera hennar til NTB.
Wigernæs var aktiv som langrennsløpar i 1950- og 1960-åra, og var ein av dei fyrste norske kvinnelege langrennsstjernene.
Wigernæs tok deltok i OL, tok VM-sølv i 1966 og trente også kvinnelandslaget i langrenn i tida etterpå. I 2021 vart ho utnemnd til Riddar av 1. klasse av St. Olavs orden.