Brann-spelar Ingrid Ryland (3) legg opp etter denne sesongen, melder klubben i ei pressemelding.
Ryland har spela i toppfotballen i 16 år. Ho har spela for Avaldsnes og Arna-Bjørnar i Norge, i tillegg til engelske Liverpool og svenske Djurgården.
I 2019 vende ho tilbake til Norge og Sandviken, som blei til Brann før årets sesong.
Ryland håper å kunne avslutte et langt fotballiv med både seriegull og cupgull for Brann.
– Eg har vakse opp som Brann-supporter, og det å kunne ta «the double» med å vinne både serien og cupen med Brann hadde vore eit perfekt punktum, seier Ryland til klubbens nettsider.