Odd-keeper Leopold Wahlstedt blei som lyn frå klar himmel tatt ut på det svenske landslaget. Men «ingen» visste kven han var.
Da 23-åringen blei tatt ut til det svenske landslaget spurte Aftonbladet Martin Olsson og Oscar Lewicki om deira nye landslagskompis.
– Nei, eg vet ikkje kven det er, sa Olsson.
– Eg har ikkje høyrt om ham, sa Lewicki.
Odd-keeperen blei tatt ut etter at Andreas Linde var «småsjuk». 23-åringen gjennomførte si første trening med troppen måndag.
– Eg synest det er ganske artig at folk ikkje veit kven eg er. Eg veit kva eg kan og kor god eg er, det er gøy å vise folk eigenskapane mine, sa 23-åringen til Expressen.
Trass i at dei meir profilerte svenskane ikkje kjenner til Wahlstedt, synest dei det er gøy med friskt blod inn i landslagstroppen.
– Det er gøy når det dukkar opp nokon nye. Det må han vere veldig glad for. Fantastisk! sa Olsson, som står med 55 A-landskampar.
Sverige skal møte Serbia og Slovenia i nasjonsligaen.