Ingen Strandberg i ligainnspurten

Stefan Strandberg blir ikkje å sjå på bana for Salernitana i innspurten av Serie A-sesongen.
Landslagsspelaren har på grunn av skader ikkje vore del av klubbens registrerte kamptropp dei siste månadene. No er også døra stengd for at han blir det i vekene som kjem, melder Salernitana News onsdag.
Stefan Strandberg fekk godt med speletid for Salernitana i fjor haust, men de siste månadene har skader skapt plunder for han.
Nyleg gjorde han comeback for det norske landslaget, men Serie A-spel for klubblaget ser det ikkje ut til å bli med det første.
Strandbergs kontrakt med Salernitana går ut i sommar.