Ingen norske dommarar i EM

Uefa har utpeikt dommarteama til sommarens fotball-EM for kvinner. Noreg er ikkje representert blant dei 55 namna.
EM skal i år spelast utelukkande med kvinner som hovud-, assistent- og fjerdedommarar. I VAR-rommet vil det vere flest menn, noko som skuldast at herredommarar har langt meir utdanning og erfaring innan videodømming.
I alt har Det europeiske fotballforbundet (Uefa) valt ut 13 hovuddommarar, 25 assistentdommarar, 15 VAR-dommarar og to støttedommarar (fjerdedommarar) til meisterskapen i England.
– Vi har hatt nokre tøffe val å ta, for no har vi ei veksande gruppe av høykvalitetsdommere å velje frå. Vi veit at alle dei utvalde dommarane har det som krevst for å levere trygg og korrekt dømming i sluttspelet, seier Uefas dommarsjef Roberto Rosetti.
Alle dei utvalde dommarane er europearar med unntak av venezuelanske Emikar Calderas Barrera, som er inne gjennom eit samarbeid mellom Uefa og Sør-Amerikas fotballforbund, Conmebol.