Tre norske hopparar enda på topp 10 i stor bakke i Wisła i Polen laurdag.
Kristoffer Sundal, Halvor Egner Granerud (biletet) og Fredrik Eirinsønn Villumstad vart høvesvis nummer 5, 6 og 9.
Rennet vart vunne av Daniel Tschofenig frå Austerrike. Han hoppa høvevis 132 og 135,5 meter.
Austerrikaren hadde aldri tidlegare vunne eit verdscuprenn.
Gregor Deschwanden frå Sveits vart nummer to.