Ingen farvel for Williams i natt

Les hele artikkelen

Serena Williams vann førsterundekampen i US Open i natt, og utsette dermed det mange trur er 40-åringens avskjedsturnering i tennis-sirkuset.
Williams slo Danka Kovinic med 6-3, 6–3 og avanserte til andre runde i årets siste grand slam-turnering.
Serena Williams har vunne 23 grand slam-turneringar i løpet av si 27 år lange profesjonelle karriere.
Men det siste året har ho berre vunne ein kamp før US Open, og den tidlegare mangeårige verdseinaren har falle til nummer 605 på rankinga.
Ho har hinta om at US Open kan bli hennar siste turnering, men aldri stadfesta det offisielt. Heller ikkje etter sigeren i natt ville ho det. Tvert imot.
– Eg har vore vag om det, har eg ikkje? Det vil eg framleis vere, fordi du kan aldri vite, sa ho på pressekonferansen etter kampen.
– Når du er lidenskapeleg oppteken av noko, er det vanskeleg å slutte. Eg har prøvd å bestemme meg for kva eg skal gjere. Eg elskar dette spelet. Men kanskje er tida inne no. Eg har ein familie, og det kjem andre kapittel i livet. Eg kallar det evolusjon.
– Eg kjem framleis til å vere intens, og til å vere i nærleiken. Men det skal bli godt å kunne stå opp og ikkje måtte ut på tennisbana, sa ho i eit intervju med magasinet Vogue før turneringa.
Det som er sikkert, er at ho skal spele ein kamp til – mot andre-rangerte Anett Kontaveit onsdag.