Jakob Ingebrigtsen går direkte til finalen på 1500 meter i friidretts-NM i Kristiansand laurdag. Årsaka er at han skal springe både 5000 meter (onsdag) og 1500 meter (torsdag) i Diamond League-finalen i Zürich.
Derfor har arrangørane bestemt at han skal sleppe kvaliken på 1500 meter i NM fredag, og gå rett inn som 13.-mann i finalen laurdag, i eit felt som eigentleg skulle hatt berre 12 deltakarar.
400 meter hekk-løparane Amalie Iuell og Karsten Warholm skal også springe i Zürich torsdag. Dei reiser rett til Kristiansand for å sprint 400 m flatt i NM fredag, skriv VG.