Ingebrigtsen om sin nye status: – Det som er litt teit, er at no kan eg ikkje ligge bak

Les hele artikkelen

Den ferske verdsrekordhaldaren verkar tent og klar når han møter NRK i Beograd dagen før han skal springe forsøket på 1500 meter i innandørs-VM.
Han er spent på konkurransen, men er usikker på korleis taktikk han skal gå for, etter som han no er tidenes raskaste utøvar på distansen.
– Det er det som er litt teit, at no kan eg ikkje ligge bak og seie at vi får sjå kva som skjer. No er eg den som har springe raskast gjennom alle tider. Det har eg ikkje vore før, men det ser eg berre på som positivt, seier Ingebrigtsen til NRK.
Han er likevel spent på om det går rett veg. Springing på ei innandørsbane kan by på problem, som under innandørs-EM i fjor.
– Eg kjenner meg relativt bra, men innandørs er det ofte litt plass til litt urutinerte utøvarar, og på ei bane med mykje folk, kan det skje ein del ting. Eg er spent, seier Ingebrigtsen.
– Korleis skal du førebu deg på det?
– Det er ikkje så mykje ein kan gjere, eg må berre prøve å halde meg vekke frå andre folk, og gjere det eg kan for å kome først til mål. Det prøver eg på kvar gong, men det er ikkje alltid det fungerer, seier Ingebrigtsen.