Det internasjonale friidrettsforbundet har nominert Jakob Ingebrigtsen til prisen som årets utøvar i verda for 2022.
Lista over kandidatar blei presentert torsdag. Dei nominerte er plukka ut av eit internasjonalt panel av friidrettsekspertar. Det inkluderer representantar frå alle dei seks kontinentale forbundne i friidretten.
VM i amerikanske Eugene var det store høgdepunktet i internasjonal friidrett i 2022.
VM-gull på 5000 meter, VM-sølv på 1500 meter (både innandørs og utandørs) samt EM-gull på begge distansar blei utbytet for Jakob Ingebrigtsen i det som blei eit strålande år for Lura-guten.
Han vann også Diamond League-serien på 1500 meter. I finalen i Zürich sette han årsbeste i verda på distansen med 3.29,02.
Ein tøff utfordrar til Ingebrigtsen blir også det svenske stavfenomenet Mondo Duplantis. Han vann VM-gull både innandørs og utandørs denne sesongen, i tillegg til at han tok EM-gull. Tre verdsrekordar har det også blitt. Den siste lydde på formidable 6,21.
Vinnaren blir kåra i desember