Viktor Hovland avslutta PGA-turneringa i Texas med to birdiar og tre bogeyar. Han enda på ein delt 21.-plass, to slag under par og sju slag bak vinnaren.
Hovland starta turneringa flott og var seks slag under par etter to rundar. På den tredje runden blei det derimot ein liten kollaps, då han gjekk tre slag over par og spelte seg ut av tetstriden.
Nordmannen starta søndagens sisterunde godt med ein birdie på hol nummer éin, men blei sett tilbake av ein bogey to hol seinare. På hol nummer ni kom det enda ein bogey.
Han fekk deretter ein birdie på det 13. holet, men måtte tole rundens tredje bogey på nest siste hol. Hovland fall med det frå 20. til 21.-plass i turneringa.
Amerikanske Sam Burns vann turneringa og avslutta til saman ni slag under par på dei fire rundane. Søndagen gjekk han bana på 65 slag, fem under par.