Alpinisten Kajsa Vickhoff Lie gjør ikkje comeback etter skade denne sesongen, men vel å rette blikket mot oppkøyringa til neste sesong.
Det meldte ho på Instagram søndag. Ho brakk beinet i februar i fjor og har ikkje konkurrert sidan.
– I dag er det eitt år sidan min første pallplassering i verdscupen, men det er også veka da alle OL-utøvarane reiser til Beijing. Beinet mitt er omsider på god veg, men ikkje bra nok til at eg kan ta nokon sjansar med det, skriv ho.
– Eg elskar å konkurrere på ski og ønsker å gjere det i mange år til, så eg har bestemt meg for å gi skaden den tid den trenger og ikkje konkurrere igjen denne sesongen.