Hyundai Motorsport vil ikkje fornye rallykontrakten med Oliver Solberg (21) for neste år, skriv selskapet i ei pressemelding.
Dei grunngjev avgjerda med at dei neste sesong vil satse på meir erfarne førarar.
– Oliver har vore eit godt tilskot til laget vårt denne sesongen. Han har vist fleksibilitet og iver til å lære, seier assisterande teamsjef Julien Moncet.
– Vi ønskjer han lykke til vidare. Vi skiljast i vennskap, og veit at han vil ta dei rette stega for sin vidare karriere, legg Moncet til.
Solberg skal halde fram i Hyundai ut sesongen.
– Sjølvsagt er eg skuffa, men eg må respektere avgjerda om at dei vil halde fram med berre tre bilar og meir erfarne køyrarar. Eg er glad for at dei har vore opne med meg om det, seier Solberg i den same pressemeldinga.
Solberg har køyrt åtte rally denne sesongen, med ein fjerdeplass i Belgia som beste resultat.