Adrian Smiseth Sejersted var Noregs einaste håp etter at Aleksander Aamodt Kilde krasja stygt i føre utforrenn i Wengen. I rotteracet fredag rauk håpet.
Som startnummer 16 kjørte nordmannen inn på tida 1.57,20. Han tapte mykje tid i starten, og klarte ikkje å hente det inn før han kjørte i mål eitt sekund og 45 hundredelar bak.
Dermed endte 29-åringen på ein 18.plass. I same løype føre sesong blei han nummer fem.
– Eg følte eg traff veldig bra. Eg hadde eit inderleg ønske om at det var grønt på tavla, faktisk. Men det var jo absolutt ikkje det, det var veldig raudt, seier ein tydeleg skuffa Sejersted til NRK.
– Eg tenkte at no har eg verkelig tidenes moglegheit. Eg gav full gass og traff bra, men det var ikkje bra nok.
Storfavoritten Marco Odermatt, som var nummer 10 ut frå start, kjørte inn til 1.56,09. Ryan Cochran-Siegle kom inn eitt hundredel bak på startnummeret etter, før Florian Schieder tok leiinga. Men så kom Cyprien Sarrazin og klokka inn fem hundredelar føre Schieder etter eit utruleg hundredelsdrama på veg inn mot mål.
Dermed stakk Sarrazin av med sigeren.
Odermatt vann dei to føre utforrenna i Wengen, men har aldri vunne i Kitzbühel tidlegare. Han har ein andreplass som best frå 2022.
Noregs fremste fartskanon Aleksander Aamodt Kilde er som kjent ferdigkjørt for sesongen etter skrekkfallet i Wengen sist helg.