HRW: Skeive i Qatar anholdt og mishandla

Les hele artikkelen

Qatarske styresmakter har arrestert og mishandla skeive berre veker før fotball-VM startar, hevdar Human Rights Watch (HRW). Styresmaktene nektar for påstandane.
Både HRW og Amnesty har dei siste vekene på nytt uttrykt uro for behandling av gjestearbeidarar og LHBT-grupperingar i Qatar, under ein månad før VM i fotball for menn startar, skriv Reuters.
Sjølv om homofili er ulovleg i Golf-staten, har arrangørane av det sterkt kritiserte fotballmeisterskapen sagt at alle – uansett seksuell legning – er velkomne til Qatar og at dei kan kjenne seg trygge.
HRW opplyser at dei har vore i kontakt med fleire skeive som fortel om arrestasjon og mishandling, så seint som i september.
– Alle seks har opplyst at dei vart tvinga til å signere på at dei skulle avstå frå umoralsk aktivitet, heiter det i rapporten frå HRW. Tilfella inkluderer forhold som også ligg nokre år tilbake.
Blant dei arresterte skal det ifølgje HRW ha hatt transkvinner som er vorte tvinga til å gå gjennom konverteringsterapi på ein offentleg helseklinikk.
Qatarske styresmakter skriv i ei fråsegn til Reuters at HRWs opplysningar er «kategorisk og utvetydig falske». Styresmaktene avviser også at dei driv sentrum der folk går gjennom konverteringsterapi.
Qatar og Fifa har i lang tid vore under sterk kritikk for tildeling av meisterskapen. Noregs fotballpresident Lise Klaveness har vore stått i front som ein av dei sterkaste kritikarane og ho har kravd betring i forholda for gjestearbeidarane og skeive.
Fotball-VM startar 20. november.
(NTB)