Hovland og Morikawa avslutta med par

Les hele artikkelen

Viktor Hovland og Collin Morikawa spilte siste runde av parturneringa i golf i Louisiana på par og er på førebels delt 27.-plass.
Duoen var på førehand blant favorittane i turneringa, men dei har ikkje fått det til å svinge. Den første runden enda på sju slag under par, før dei måtte kjempe for å greie cuten på dag to med to slag under par. Det tok dei i praksis ut av tetkampen.
Laurdag spelte dei ein ny runde på sju slag under par, men etter at dei berre greidde to birdiar og gjekk på to bogeyar søndag, enda dei på 16 slag under par totalt.
Søndag fekk duoen bogey på hol fem før de slo tilbake med birdie på det 7. holet. På hol ti blei det ein ny bogey før den siste birdien kom på det 13. holet.