Hovland i leiing etter sterk runde

Les hele artikkelen

Viktor Hovland gjekk på seks slag under par på den andre runden av PGA-turneringa i Mexico. Med ti slag under par totalt, var han heilt i teten då han kom i mål.
Men mange av konkurrentane var ikkje ferdige. Mellom dei er Matthew Wolff, som leia med 10 under par etter første dag. Også Carlos Ortiz har minus 10, og han er også ferdig med andre runde.
Hovland fekk åtte birdiar på dagens runde, men ein dobbelbogey drog litt ned. Likevel er han med i tetkampen i turneringa der han er tittelforsvarar.