Ishockeyspelar Jonas Holøs (34) skal spele i Sparta Sarpsborg dei neste tre sesongane.
Klubben opplyser om det på sin eigen nettstad onsdag.
Holøs gjekk gradene i Sparta og debuterte for A-laget tilbake i 2003.
– Eg har vore i kontakt med andre norske klubbar, men det har ikkje vore aktuelt for meg. Eg har vakse opp på Brevik, og det ville kjennast feil å ta på seg ei anna norsk drakt. Eg har vore store delar av barndommen min i Sparta Amfi, og det ville vore rart å spele ein annan stad i Noreg. Eg har vurdert å ta eit nytt år i utlandet, men etter ein sesong med mykje skader landet eg på at familien treng meir tryggleik med venner i Noreg. Det er viktig for oss, seier Holøs til Sarpsborg Arbeiderblad.