Henriksen vann junior-VM på 5000 m

Les hele artikkelen

Sigurd Henriksen gjekk inn til ein overlegen siger på 5000 meter i junior-VM på skøyter i Austerrike. Han vann med nesten åtte sekund.
I nest siste kvartett gjekk Henriksen inn til 6.33,161, som er personleg rekord. Nederlendaren Stijn van de Bunt prøvde seg mot hans tid i den siste kvartetten, men var sjanselaus og måtte nøye seg med sølv på 6.41,078.
Bronsen gjekk til russiske Vladimir Semirunnij på 6.41,793.
Dermed braut Henriksen den nederlandske dominansen i meisterskapen. De tre første distansesigrane for menn gjekk til nederlendarar.
Emil Pedersen Matre, som fredag tok bronse på 1500 meter, følgde godt opp med 6.44,097, som heldt til femteplass. Av dei ni beste var Henriksen og Matre dei einaste som sette personleg rekord.