Sofus Heggemsnes, som er Noregs beste turnar, gjentok bragda frå i fjor og er klar for VM-finale i mangekamp i Liverpool.
Han kvalifiserte seg inn på ein 19.-plass med 80,099 poeng under gårsdagens konkurranse.
Lagkamerat Harald Wibye enda på 29.-plass med 79.366 poeng.
Sjølve finalen går av stabelen 4. november kl. 19.00 norsk tid.