Hegerbergs første mål for Häcken

Les hele artikkelen

Andrine Hegerberg scora målet som sende Häcken til tabelltopp i Allsvenskan fotball for kvinner då Kristianstad blei slått 3–1.
Hegerberg starta på benken, men blei bytta inn før det var spelt iet kvarter. Då leidde Häcken allereie 1–0. Heimelaget herja i første omgang, og i det 29. minutt sette Hegerberg inn 3-0-målet. Med ei fin vending trolla ho bort to motspelarar før ho skaut i mål frå 16-meterstreken.
Amanda Jacobsen Andradottir scora eit trøystemål for gjestene fem minutt før full tid, men det kunne ikkje hindre at Häcken tok tabelltoppen. Også Linköping og Rosengård har 10 poeng på fire kampar, men Häcken har best målskilnad.
Sigeren kunne blitt større, men på overtid misbrukte Häcken-keeper Jennifer Falk eit straffespark.