Hegerberg på årets lag i meisterligaen

Les hele artikkelen

Lyon-spiss Ada Hegerberg er teken ut på årets lag i meisterligaen, etter at ho var med på å leie den franske klubben tilbake til toppen av europeisk fotball. Hegerberg både skåra og hadde målgjevande pasning då Lyon slo Barcelona 3–1 i laurdagens finale.
Hegerberg er også det einaste norske innslaget på laget, som er teken ut av eit teknisk panel i det Europeiske fotballforbundet. Dei fann ikkje plass til Caroline Graham Hansen på laget, der ti av elleve spelarar representerte dei to finalistane.
Desse spelarane kom med: Christiane Endler (Lyon) – Griedge Mbock Bathy (Lyon), Wendie Renard (Lyon), Mapi León (Barcelona), Selma Bacha (Lyon) – Aitana Bonmatí (Barcelona), Patri Guijarro (Barcelona), Amandine Henry (Lyon), Alexia Putellas (Barcelona) – Marie-Antoinette Katoto (PSG), Ada Hegerberg (Lyon)