Håvard Holmefjord Lorentzen var langt unna å forsvare gullet sitt på 500 meter frå 2018. Med tida 34,92 gjekk han i mål til 15- plass.
Bjørn Magnussen enda to plassar bak med 34,96.
Dei to som tok sølv og bronse bak Lorentzen for fire år sidan, tok gull og sølv i Beijing, men i omvendt rekkefølgje.
Kinesiske Tingyu Gao tok gullet med tida 34,32, ny olympisk rekord ni hundredeler betre enn Lorentzens gamle. Sølvet gjekk til koreanske Min Kyu Cha, med 34,39. Han tok også sølvet i 2018, ein hundredel bak Lorentzen den gongen.
Japanske Wataru Morishige gjekk inn til bronse med 34,49.