Dennis Hauger enda på fjerdeplass og tok med seg 12 poeng i formel 2-løpet i Zandvoort i Nederland, eit kaotisk løp som blei prega av mange uhell og avbrot.
Den norske 19-åringen starta som nummer sju, men fekk ein flott start og var raskt oppe på tredjeplass.
Så krasja Logan Sargeant, og løpet blei stoppa i nærmare 20 minutt medan skaden blei reparert. Men Hauger fekk behalde sin tredjeplass då løpet blei restarta.
Seinare følgde fleire uhell som gjorde at tryggingsbilane måtte inn på bana, men Hauger blei ikkje innblanda i nokon.
Hauger måtte avslutte med nedkøyrde dekk, fordi han var tidleg i depotet for å byte. Den avgjerda blei tatt av lagleiinga, og Hauger likte det ikkje sjølv.
– Eg blei litt frustrert. Eg såg ingen fordeler med det, eg trur eg kunne kjempa om ein andreplass, sa Hauger til Viasat Sport.
– Men alt i alt er eg bra nøgd med løpet likevel, la han til.
Derfor var han sjanselaus til å kome inn i topp tre. På slutten måtte han konsentrere seg om å halde fjerdeplassen.
Felipe Drugovich vann løpet framfor Richard Verschoor og Ayumu Iwasa.
Formel 2 held fram med løp i italienske Monza neste helg, og blir avslutta i Abu Dhabi i november.