Hauger blir Formel 1-reserve

Les hele artikkelen

Det norske motorsporttalentet Dennis Hauger skal neste sesong vere reserve for Red Bull-systemet i Formel 1.
Det seier Red Bull-rådgivar og utviklingssjef Helmut Marko til Autosport.
– Vi vil ha fleire reserveførarar. Hauger vil vere ein av dei. Vi vil sjå korleis starten på sesongen går, men av dei yngre vil det vere to eller tre, seier han.
I tillegg til Hauger skal Formel 2-rival Liam Lawson også vere reserve. Han skal skifte frå Formel 2 til japanske Super Formula etter inneverande sesong. TV 2 omtalte saka først i Noreg.
Hauger er inne i sitt første år som Formel 2-førar, men vil neste sesong i tillegg vere reserve om nokon av Red Bulls førarar i Formel 1 ikkje kan delta. Både Red Bull Racing og AlphaTauri er ein del av Red Bull i Formel 1.
Nordmannen har vunne to løp før årets siste runde i Abu Dhabi neste helg. Hauger er ein del av lagets juniorsatsing og var også det då han vann Formel 3-meisterskapen i fjor.
Hauger har køyrt for Prema denne sesongen, men skifter til MP Motorsport når sesongen skal avsluttast neste helg.