Hauge blir seld til Frankfurt

Les hele artikkelen

Jens Petter Hauge og blir seld permanent til Eintracht Frankfurt, der han har spela på lån.
Då Frankfurt sikra seg spel i Bundesliga også neste sesong med 2–2 mot Hoffenheim søndag, blei det også klart at Hauge ikkje går tilbake til Milan. Låneavtalen slår nemleg fast at overgangen blir permanent dersom Frankfurt ikkje rykkjer ned.
Avisene Bild (Tyskland) og Gazzetta dello Sport (Italia) skriv at Milan kan få opptil 100 mill. kroner for Hauge, som kom frå Bodø/Glimt i oktober 2020.