Handballforbundet kritiserer Berge

Les hele artikkelen

Handballpresident KÃ¥re Geir Lio meiner landslagssjef Christian Berge har trakka over streken i sin involvering i Kolstad sitt prosjekt.
Ifølgje VG skal Berge mellom anna ha kontakta norske spelarar med tanke på å få dei til Kolstad, som satsar hardt og ønskjer å byggje eit topplag i Trondheim.
TV 2 meldte tidlegare i haust at klubben ønskjer å hente spelarar som Sander Sagosen, Magnus Abelvik Rød og Magnus Gullerud tilbake til Noreg, og få noverande landslagssjef Berge inn som trenar.
I samtalar med norske landslagsspelarar skal Berge ha vore for offensiv i eit forsøk på å få dei heim frå utanlandske klubbar, til Kolstad.
– Han har jobba for det beste for Kolstad, og noko han trur er til det beste for norsk landslagshandball. Han har gjort ting vi ikkje ønskjer at han hadde gjort, seier Lio til mellom anna VG.
– Christian er heilt einig i at han har bevega seg utanfor det han burde gjort som er innanfor rammeverket, og har ingen problem med å sjå det. Det beklagar han, seier generalsekretæren i handballforbundet, Erik Langerud.
Lio stadfester at Berge skal halde fram som landslagssjef, med ei kontrakt som førebels varer til 2025.