Handball-EM med koronaplan

Les hele artikkelen

Det europeiske handballforbundet (EHF) har planen klar dersom det skulle bli auke i koronasmitte før og under EM for kvinner.
Meisterskapen går i Nord-Makedonia, Montenegro og Slovenia i perioden 4.–20. november. Noreg spelar alle sine kampar i Slovenia.
EHF har erfaring frå to pandemi-meisterskap og stiller til EM med ein alternativ plan for handa om smitten skulle blusse opp.
Men inntil vidare er dette planen EHF går for.
– Laga må koronateste alle spelarar og leiarar to gonger innanfor dei fire siste dagane før dei kjem til EM. Dette slik at ingen drar med seg smitte inn mot meisterskapen. Det er ikkje lagt opp til testing under EM med mindre deltakarar får symptom på covid-19-smitte, seier EHFs kommunikasjonssjef Thomas Schöneich til NTB.
Dersom ein spelar pådrar seg smitte og gir frå seg positiv prøve, vil utøvaren kunne vere tilbake i spel etter fem dagar om vedkomande gir frå seg negativ prøve.
For tilskodarar er det ikkje lagt opp til krav om munnbind.