FC Midtjylland har oppheva Oliver Sørensens leigekontrakt med HamKam med umiddelbar verknad. Det skriv nyheitsbyrået Ritzau.
20-årige Sørensen skal vere på plass i Danmark til sesongoppkøyringa startar torsdag neste veke. Han spelte tre kampar frå start for HamKam denne sesongen i tillegg til tre innhopp. Han pådrog seg tre gule kort.
– Eg ser fram til å spele meg inn på et godt lag. Eg veit ikkje så mykje om norsk fotball, men fått med meg det som Bodø/Glimt har gjort, sa Sørensen i eit intervju med «Kamma» då han kom til klubben i slutten av mars.