Hamilton og Williams med i Chelsea-bod

Les hele artikkelen

Formel 1-stjerne Lewis Hamilton og tennisstjerne Serena Williams er med i ei gruppe som vil kjøpe Premier League-klubben Chelsea.
Dei to går inn med 10 millionar pund kvar, skriv Sky Sports.
Ei gruppe investorar, leia av den tidlegare Liverpool-styreleiaren Martin Broughton, vil kjøpe Chelsea frå Roman Abramovitsj. Russaren vil selje klubben etter å ha blitt ramma av dei britiske restriksjonane mot russiske oligarkar.
Hamilton har vunne formel 1-VM sju gonger, og Williams har 23 grand slam-titlar i tennis.
Ei kjelde knytta til investorgruppa seier til Sky Sports at Hamilton og Williams er med på grunn av deira erfaringar med å marknadsføre idretts-merkevarer globalt.
At Hamilton er med i Chelsea-bodet er overraskande, fordi han er kjend som Arsenal-tilhengar, skriv Sky Sports.