Alf Inge Håland, far til Molde-spiss Erling Braut Håland, seier til TV 2 at Molde har godkjent eit bod på sonen frå austerrikske Red Bull Salzburg. – No er det opp til spelaren å eventuelt bli einig med klubben. Det kan sikkert ta litt tid. Erling trivest godt i Molde, seier Alf Inge Håland.