Manchester City inviterer søndag supporterar til å møte Erling Braut Haaland og dei andre sommarsigneringane til klubben for første gong.
Det skjer som ein del av eit show for fansen utanfor Citys stadion. Premier League-meistrane skal presentere fire spelarar, men Haaland blir den mest ettertrakta mannen for dagen.
Kalvin Phillips, Julián Álvarez og Stefan Ortega Moreno er resten av nysigneringane som blir presenterte søndag. City legg opp til nokre korte intervju på scena før spelarane deler ut signerte drakter til dei frammøtte.
Manchester City speler den første oppkøyringskampen sin mot mexicanske Club América 21. juli. Det skjer i USA og er venta å bli Haalands debut.