Erling Braut Haaland vart ikkje klar til Borussia Dortmunds europaligamøte med Rangers torsdag.
Nordmannen er ikkje med i troppen til den tyske storklubben til kampen på torsdag, melder det tyske nyheitsbyrået DPA. Det same skriv lokalavisa Ruhr Nachrichten.
Haaland har vore ute med ein muskelskade sidan 22. januar, men den siste tida har måltjuven delteke for fullt på treningsfeltet med lagkameratane.
Haaland fekk fleire ulaglege skadeopphald òg i fjor haust. Måltjuven innleidde sesongen forrykande før han pådrog seg ein lårsmell 19. september. Då gjekk han glipp av tre ligakampar og mista Noregs viktige VM-kvalifiseringskampar mot Tyrkia og Montenegro.