Erling Braut Haaland stod bak den målgjevande pasninga då Borussia Dortmund spela 1-1 borte mot Bochum. Men Dortmund hadde rikeleg med sjansar til å ta alle poenga.
Trass i at både Haaland og andre gulkledde hadde gode sjansar i første omgang, var det Bochum som gjekk til pause med 1-0. Sebastian Polter scora på straffe etter 40 minutt.
Dortmund trudde dei hadde utlikna ti minutt etter pause, men Marius Wolf nettkjenning blei annullert for offside etter VAR-sjekk.
Utlikninga let derfor vente på seg til fem minutt før ordinær tid var ute. Haaland kjempa med seg ballen og la eit innlegg til Julian Brandt, som sette ballen i mål med eit volleyskot.
Men trass nesten konstant press blei det ikkje fleire mål på Dortmund, som dermed må sjå avstanden framover til Bayern auke til seks poeng. Bayern snudde 0-1 til 2-1 over Mainz.