Haaland med 10 på eksklusiv børs

Les hele artikkelen

Erling Braut Haalands målshow mot Manchester United gav han 10 på børsen hos franske L’Equipe. Det er det ikkje mange som kan skilte med.
Manchester City-spissen skåra tre mål, det tredje strake hat-tricket på heimebane, og assisterte to mål i 6-3-sigeren.
I den franske avisa L’Equipe er det ikkje kvardagskost å dele ut tiarar på børsen. Det har berre skjedd med 13 spelarar. Blant dei er Kylian Mbappé, Lionel Messi (to gonger) og Robert Lewandowski.
Avisa beskriv Haaland som «meir og meir komplett» i omtala si.
Haaland står med 14 mål i Premier League og tre i Champions League. Onsdag ventar FC København på heimebane i Meisterligaen.