– Haaland har leddbandsskade

Les hele artikkelen

Manchester City-manager Pep Guardiola opplyser at Erling Braut Haalands skadefråvær skuldast ein leddbandsskade i ankelen. Han veit ikkje når spissen er tilbake.
Haaland var ikkje i Citys tropp til 1-0-sigeren over Leicester i Premier League laurdag. Grunnen var ein skade i foten han pådrog seg i meisterligakampen mot Borussia Dortmund i midtveka.
Etter kampen mot Leicester fortalde Guardiola at det er usikkert når Haaland kan spele igjen.
– Eg veit ikkje. Han har leddbandsskade. Han føler seg betre, sa Guardiola til BBC, og opplyste samtidig at nordmannen i alle fall ikkje spelar neste kamp.
Den er mot Sevilla i meisterligaen i veka som kjem. Dei lyseblå er allereie gruppevinnar.
– Han spelar ikkje der sidan vi allereie er vidare. Forhåpentleg kan han hjelpe oss mot Fulham, sa Guardiola. Han siktar til ligakampen 5. november.
City-manageren har tidlegare varsla at han kjem til å kvile mange av sine største stjerner i ligacupkampen mot Chelsea om halvanna veke. Nå opnar han likevel for at Haaland kan bli å sjå i den kampen.
Kevin De Bruyne blei matchvinnar for City i laurdagens kamp mot Leicester.