Haaland framfor ligastarten: – Eg er ikkje uroa

Les hele artikkelen

Erling Braut Haaland er klar for Premier League-debuten sin. 22-Ã¥ringen tek dei enorme forventningane med knusande ro.
Spissen vart matchvinnar i debuten sin i sommar då Manchester City vann 1–0 over Bayern München i ein treningskamp i USA. Sist helg vart det tøffare i 1-3-tapet for Liverpool i Community Shield.
– Folk kan bruke tid, og nokon kan komme rett inn i det. Vi får sjå, men eg er ikkje bekymra. Det er livet til ein fotballspelar, og det må ein leve med, seier Haaland i eit intervju med Sky Sports.
Jærbuen fekk til dels hard medfart i engelske medium etter tapet for Liverpool. Haaland var ikkje på sitt skarpaste ved eit par høve, og på overtid bles han ballen i tverrliggjaren og ut på «ope mål».
– Ein er ein slags enterteinar. Ein blir dømt kvar einaste veke for det ein gjer på banen, og ein må levere og gjere sitt beste, seier Haaland.
Han ligg an til å starte det første Premier League-oppgjeret i sesongen for Manchester City denne helga. Søndag ventar West Ham på bortebane.