Erling Braut Haaland får sjansen til å skåre sitt tredje hat-trick på rad i Premier League, då han får spele frå start mot Aston Villa.
Nordmannen har vore i fyr og flamme så langt denne sesongen, og står med ni mål på sine fem første kampar i den engelske toppserien.
Pep Guardiola gjer berre ei endring frå laget som slo Nottingham Forest i midtveka, då Kevin De Bruyne kjem inn i startellevaren, medan Julian Alvarez startar på benken.